Ei setning eg ofte seier til kundar på jobb, er følgande: “Hadde folk forstått kor lite ein treng å trene for å få relativt store resultat, hadde alle trent.”...
Januar 2025 er eit faktum, og eit nytt år med blanke ark står for døra. Er du ein av dei som ønskar å starte året med å etablere gode treningsrutiner? I så fall støttar eg deg 100%.
Trening er så mykje meir enn å bygge kropp eller å endre utsjånad og vekt. Trening handlar om å gjere seg sjølv i stand til å leve det livet du ønskar å leve. Anten det er å kunne gå på ein spesifikk fjelltopp, å ha energi til å ta med ungane i bassenget ein ettermiddag, eller å kunne hjelpe gamle foreldre med å vaske huset.
Sagt med andre ord: Treningsvanene dine kan rett og slett vere utgangspunktet for korleis resten av kvardagen din ser ut, og kva du kan få ut av året 2025. Og 2026. Og livet ut, i grunn.
Viss du ser for deg ein skala frå 0-10, startar dei fleste nye treningsrutiner med eit relativt høgt motivasjonsnivå, kanskje mellom 8-10. Dei er fullstendig overbevist om at 2025 skal bli året der alle vaner fell på plass. Men det skal ikkje mange vekene til før kvardagen blir hektisk, timane virkar færre ila eit døgn, og kjensla av å vere overvelda slår inn. Dei tre treningsøktene du skulle få inn i løpet av ei veke, vart til éin, eller kanskje null.
Kva hender då? Jo, då synk gjerne motivasjonsnivået òg ned til ein einar eller til null på motivasjonsskalaen. Og det er her dei fleste gir opp. For dei tenker at den eine treningsøkta i veka ikkje er nok. Det må jo minst vere tre! Og når ein ikkje 10.000 skritt i løpet av ein dag? Då kan ein like gjerne berre setje seg ned og droppe det heile.
Men kven er det eigentleg som har sagt dette? At éi trening i veka ikkje er nok? Eller at 6000 skritt dagleg ikkje er betre enn 3000? Det gir jo eigentleg ikkje meining.
Lat oss sjå på nokre tall:
Og kven har sagt at motivasjonsnivået alltid må vere på topp? Eller at du alltid må få gjennomført alt du hadde bestemt deg for? Det viktigaste du kan fokusere på i 2025 er kontinuitet. Så lenge du gjer noko, vil du bli både sterkare og sprekare enn dersom du gjorde ingenting.
Øv deg på å vere heilt middelmådig i 2025. Øv deg på å vere ein god 4-ar, eller om så 3-ar på skalaen frå 0-10. Du vil bli overraska over kor store resultat du kan oppnå med dette.